1,5 millionar helsejournalar stolne i dataangrep i Singapore

1,5 millionar menneske i Singapore, inkludert statsministeren i landet, har blitt fråstolen helsejournalane sine i eit dataangrep, opplyser styresmaktene.

- Angrepet var spesifikt retta mot statsminister Lee Hsien Loongs personlege opplysningar og pasientinformasjon, seier helseminister Gan Kim Yong.

Han kallar angrepet for tilsikta, målretta og godt planlagt. Dataangrepet er det største nokosinne i historia til øy- og bystaten.

Styresmaktene vil ikkje gi detaljar om dei som har utført angrepet, av omsyn til etterforskinga.

(©NPK)