Annonse

11.155 personar fekk nødpass i juni og juli

I dei sju første månadane i år vart det skrive ut 20.705 nødpass i Noreg. Over halvparten vart skrivne ut i juni og juli.

- Tala for sommaren viser at det framleis er altfor mange nordmenn som søkjer om nødpass, seier Eli Fryjordet, leiar for felles eining for utlending og forvaltning i Aust politidistrikt til P4.

I juni og juli vart det skrive ut totalt 11.155 nødpass, viser tal radiokanalen har fått frå Politidirektoratet. På Gardermoen åleine vart det skrive ut 1.722 nødpass.

(©NPK)

Nødpass kostar 450 kroner og kan berre brukast på éi reise. I tillegg blir ditt gamle pass ugyldig dersom du får skrive ut nødpass. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix