14 av dei mest ettersøkte i Europa er arrestert

(NPK-NTB-AFP): Seks månader etter at Europol lanserte ei liste med dei mest ettersøkte forbrytarane i Europa, er 14 av dei arrestert, mykje takka vera tips frå vanlege borgarar.

– I minst åtte av sakene har leietrådane som kom via nettstaden, spelt ein direkte rolle i lokaliseringa av dei ettersøkte, heiter det i ein utsegn frå Europol.

Etter å ha fått kritikk for manglande samordning etter terrorangrepet i Paris i november lanserte politistyrkar frå heile EU ei nettbasert liste over ettersøkte personar – www.eumostwanted.eu.

Fleire millionar har besøkt nettsida etter at den blei lansert 29. januar.

Blant dei som no sit bak lås og slå takka vere tips frå publikum, er ein rumensk «yogalærar og åndeleg mentor» på 64 år som er skulda for misbruk av barn og barnepornografi. Han blei arrestert i ein bokhandel i Paris.

Nettsida har òg bidratt til arrestasjonen av ein belgiar i Gabon, ein polakk på Malta og ein svenske i Storbritannia. I juni blei den italienske mafiabossen Ernesto Fazzalari arrestert i ein avsidesliggjande del av Italia etter å ha vore på rømmen i rundt 20 år.

28 av dei 45 personane på lista er framleis på frifot, og Europols pressetalskvinne Tine Hollevoet ber folk sjekke lista på ny ettersom det er lagt til nye namn. Alle land kan ha to personar på lista. Når éin blir tatt, kan dei leggje til ein ny. (©NPK)