14 skal vere drepne av politi og soldatar i Rio de Janeiro

Brasilianske soldatar og politi skal i ein aksjon mot narkogjengar i Rio de Janeiro ha drepe minst 14 personar.

Åtte personar vart drepne under ein aksjon mot narkogjengar i dei fattige favelaene og i ein forstad, opplyser lokale medium og tenestemenn.

Militærleiinga som har ansvar for tryggleiken i den nest største byen i landet, seier samtidig at «det kan vere fleire» drepne.

Ifølgje lokale medium vart ytterlegare seks personar, truleg væpna gjengmedlemmer, drepne etter ein biljakt i forstaden Niteroi.

(©NPK)