20-åring død i trafikkulykke i Møre og Romsdal

Ein 20 år gammal mann vart erklært død på staden etter at han køyrde av vegen i Fiskarstrand i Møre og Romsdal seint onsdag kveld.

Den unge mannen var åleine i bilen då han køyrde av riksveg 657.

- Det er ein svak kurve der ulykka har skjedd, men ingen sving som tilseier at du normalt sett skal kunne køyre av vegen. Kva som har skjedd, har vi ikkje noka meining om førebels, seier operasjonsleiar Arild Reite i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB.

Ulykka skjedde like ved bustaden til den unge mannen, og pårørande kom til staden kort tid etter ambulansen. Dei vart tekne hand om av helsepersonell på staden.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Erik Johansen / NTB scanpix