Annonse

2000 politifolk kalla ut til Madrid-derby

Meir enn 2000 polititenestemenn er kalla ut til høgrisikokampen mellom Real Madrid og Atlético Madrid i meisterligaen tysdag.

Annonse

Dei lokale Madrid-styresmaktene tek ingen sjansar i den første av to semifinalar i meisterligaen.

- Når det er snakk om meisterligaen er kampen rekna i høgrisikosegmentet, og tryggleiken blir skjerpa, heiter det i ein uttale frå styresmaktene.

Rundt 4000 av totalt 80.000 billettar er reservert bortefansen mot normalt berre nokre få hundre når kampane blir spelte på Santiago Bernabéu.

2000 politifolk er endå fleire enn då Bayern München var på besøk i kvartfinalen.

I samband med heimekampen til Atlético Madrid mot Leicester i kvartfinalen blei det tumultar mellom enkelte Leicester-fans og politiet, og åtte såkalla hooligans blei fengsla og dømde til fire månaders fengselsstraff.

Det europeiske fotballforbundet (Uefa) har også varsla at klubbane må tenkja meir tryggleik etter bomba som small i nærleiken av spelebussen mot Borussia Dortmund i før kvartfinalekampen deira mot Monaco.

(©NPK)