Annonse

210 hamnearbeidarar varslar streik frå laurdag morgon

(NPK-NTB): Transportarbeiderforbundet har lita eller inga tru på at meklinga fredag kveld skal føre til ein semje med NHO i hamneoppgjeret.

Meklingsfristen går ut ved midnatt. Blir ikkje partane samde, vil alle 22 hamnar Norsk Transportarbeiderforbund har tariffavtaler i, bli råka av streik. Det dreier seg i første omgang om 210 medlemmer.

– Faren for streik er veldig stor. Det er ingen ting som tilseier at det skal bli enkelt å komme i mål med dette oppgjeret, seier leder Lars Morten Johnsen i Norsk Transportarbeiderforbund.

Det er framleis den årelange konflikten om det forbundet meiner er internasjonalt forankra fortrinnsrett for hamnearbeidarar til losse- og lastearbeid som er bakgrunnen for usemja. Hamnearbeidarane hevdar å ha støtte frå Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO), men arbeidsgivarane og verksemdene avviser at dei som jobbar på hamna, har fortrinnsretten.

Fristen for meklinga går ut ved midnatt natt til laurdag. Riksmeklaren sjølv, Nils Dalseide, skal hjelpe Transportarbeiderforbundet og NHO Logistikk og Transport nærmare kvarandre gjennom kvelden og kanskje natta. (©NPK)