219,8 millionar til årets TV-aksjon

(NPK-NTB-Fredrik Ljone Holst): Då klokka hadde passert midnatt, var det innsamla beløpet frå årets TV-aksjon oppe i 219,8 millionar kroner. Heilt overveldande, seier Røde Kors-president Sven Mollekleiv.

– Dette er heilt fantastisk. Tusen takk til alle som har bidrege! Alle bidrag kjem til å utgjere ein forskjell og saman får vi hjelpa heilt fram. Alt engasjementet vi har sett i det siste er overveldande, seier Mollekleiv i ei pressemelding.

– Eg er rørt, takknemleg og audmjuk på vegner av heile Røde Kors. To millionar menneske vil no få livsviktig hjelp.

Fjorårets innsamlingsbeløp blei passert ved 23-tida, og også fleire delaksjonar samla i år inn meir pengar enn sist. Skulane i landet samla inn 1,8 millionar kroner meir enn for eit år sidan og enda på 5,8 millionar. P3-aksjonen sette ny rekord med nesten 5,5 millionar kroner.

– Vi har all grunn til å vere veldig stolte av vår felles innsats, seier aksjonsleiaren og viser til at høg og låg, gammal og ung frå by og bygd «har løfta i flokk».

Pengane som blei samla inn skal gå til mat, reint vatn og helsehjelp til sivilbefolkninga i ni land som har opplevd mange år med krig og konflikt: Syria, Libanon, Sør-Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, El Salvador, Guatemala og Honduras. I tillegg skal det brukast pengar på å hjelpe flyktningar busette i Noreg.

Statoil og Hydro ligg på givartoppen blant bedrifter og organisasjonar. Begge bidreg med 1 million kroner.

– I tillegg har vi gitt bort «gullfatet» til årets auksjon, eit forgylt oljefat som markerer at vi har produsert over 5 milliardar fat på Statfjord, seier informasjonsdirektør Bård Glad Pedersen i Statoil til NTB.

DNB og Rema 1000 har gitt 500.000 kroner kvar, medan LO bidreg med 400.000 kroner.

På lista over kva givarlystne kunne by på, var blant anna eit par signerte konkurranseski frå Marit Bjørgen, ein Fiat 500 L, ei statistrolle i NRK-serien «Skam» og ein skidress Therese Johaug brukte under VM i Falun. (©NPK)