30.000 dyr konfiskerte i storaksjon mot dyresmuglarar

Over 30.000 dyr og 1,3 tonn elfenbein blei i mai beslaglagt i ein verdsomspennande politiaksjon mot dyresmuglarar.

Styresmakter frå i alt 92 land var med i operasjonen «Thunderstorm», opplyste fleire internasjonale organisasjonar onsdag.

Aksjonen førte til beslag av 27.000 reptil, nesten 4.000 fuglar og 48 primatar. I tillegg blei om lag 1.400 mistenkte personar identifiserte.

Organisasjonen som administrerer Konvensjonen om internasjonal handel med truga artar (CITES), opplyser at aksjonen avdekte 43 tonn kjøt frå blant anna bjørn, elefantar, krokodillar og kvalar.

Det blei også funne 8 tonn skjel frå pangolinar (skjelldyr), et dyr som blir brukt både som mat og i tradisjonell medisin, og som er eitt av verdens mest smuglese dyr. Halvparten av skjela frå pangolinene blei funnet av vietnamesiske styresmakter på et skip frå Kongo.

Blant dei mistenkte er det to kabintilsette som prøvde å smugla levande skjelpadder i bagasjen, og ein mann som blei arrestert i Israel etter at eit jaktbilete blei lagt ut i sosiale medium. Mannen er også mistenkt for innblanding i menneskesmugling, ifølgje CITES.

Under politioperasjonen blei det avdekt at dyresmuglarar nyttar seg av dei same rutene og triksa som blir brukt til kvitvasking av pengar, skatteunndraging og korrupsjon, opplyser generalsekretær i Interpol, Jürgen Stock.

- Operasjon Thunderstrom sender ein klar beskjed til dyrelivskriminelle om at politistyresmaktene i verda er i ferd med å innhenta dei, seier Stock vidare.

Verdstollorganisasjonen, Verdsbanken og FNs kontor for narkotika og kriminalitet var også med i operasjonen.

(©NPK)

27.000 reptil blei konfiskert i aksjonen. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix