Annonse

35.000 abonnentar kan miste laurdagsavisene

(NPK-NTB): Konsekvensane blir store for fleire aviser og for mange abonnentar når Kvikkas overtek avisdistribusjonen frå Posten på laurdagar.

– Dette er kritisk for norske aviser. Ein tredel av det opplaget som til no har gått ut med Posten laurdagar, forsvinn, seier sjefredaktør Espen Egil Hansen i Aftenposten.

Minst 35.000 norske avisabonnentar ser ut til miste avisa på laurdagar frå november når Kvikkas overtek laurdagsdistribusjonen av aviser som tidlegare er blitt leverte av Posten, skriv avisa. Kvikkas blei i juli tildelt konsesjonen for laurdagsdistribusjon av aviser til abonnentar i distrikta.

Utrekninga er basert på tal frå Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og det såkalla helthjem-nettverket av avisbod. Sistnemnde dekkjer rundt 85 prosent av adressene.

– Dette er ikkje norske aviser sin feil, men Samferdselsdepartementet. Ein kan spørje seg om dei har gitt tilbodet til eit selskap som har bode for lite og levert eit tilbod som ikkje var realistisk, seier Hansen.

MBL gav i eit møte med departementet førre veke klar beskjed om at omlegginga ser ut til å få store konsekvensar for dei som tidlegare har fått laurdagsavisa distribuert med Posten. (©NPK)