Annonse

42 har omkomme i drukningsulykker i sommar

42 personar har døydd i drukningsulykker i Noreg sidan 1. mai i år, opplyser Redningsselskapet, som aldri har hatt så mange redningsoppdrag som i sommar.

Annonse

Redningsselskapet har til saman hatt 3.496 redningsoppdrag, det høgste talet nokon gong sidan selskapet blei stifta i 1891. Til saman 68 personar har mista livet i drukningsulykker hittil i år. Det er 19 fleire enn til same tid i fjor, viser tal frå Redningsselskapet.

- Kvart liv tel, så dette er kritisk. Mange av desse liva kunne blitt redda med betre haldningar og kunnskap om sjøliv og båtliv. Det gjer meg fortvila, seier generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet til NTB.

Badeulykker

16 personar omkom som følgje av drukning berre i juli. Det var elleve menn, tre kvinner og to jenter på 12 og 14 år. 17 av 68 drukningar hittil i år er relatert til bading. I fjor var det til samanlikning berre tre badeulykker i same periode. No krev Redningsselskapet tiltak.

- Utfordringa sender eg til regjeringa, for det er dei som må ta ansvar, seier Lind.

Ho krev ein nullvisjon for dødsulykker på sjøen, slik vi lenge har hatt for vegtrafikken. Det tiltaket meiner ho må på plass allereie på grunnskolenivå, slik at barn har nødvendig kunnskap om oppførsel ved sjø og vatn.

Obligatorisk hurtigbåtsertifikat

- Førstehjelpskunnskap og evna til å følgja med på omgjevnadene på sjøen er dugleikar vi må utvikla. Det er mange som har blitt redda fordi venner, naboar eller forbipasserande har fått auge på nokon på sjøen og hatt nødvendig kunnskap om redning, seier ho.

Det er også nødvendig med obligatorisk hurtigbåtsertifikat, legg ho til, og minner om at 16-åringar utan sertifikat i dag kan køyra scooter som kan koma opp i høg fart.

- Vi må laga ein politikk som sørgjer for at 2019 ikkje blir ein repetisjon av 2018, seier ho.

(©NPK)

Generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet kan sjå tilbake på ein dyster sommar når ho legg fram drukningsstatistikken.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK