56 flyktningar redda av norsk redningsskøyte

(NPK-NTB): Den norske redningsskøyta Peter Henry von Koss fortset å plukke opp flyktningar i Egeerhavet. Torsdag morgon blei 56 flyktningar tatt om bord.

– 56 personar blei redda opp i redningsskøyte ved Lesvos i dag tidleg. Overlessa gummibåt frå Tyrkia, fleire babyar, kan Kripos fortelje på Twitter.

Også sist helg måtte mannskapet på Peter Henry von Koss trå til i ulike redningsoppdrag i området. Til saman 133 personar blei da redda om bord i redningsskøyta, mange av dei barn.

Same helg havarerte ein gummibåt, der det norske skipet Siem Pilot, som også er ein del av det internasjonale redningsarbeidet i Middelhavet, plukka opp mange personar i vatnet. Til alt hell overlevde alle saman.

18. juli kunne EUs grensekontrollbyrå Frontex opplyse at snautt 59.000 menneske er blitt redda i operasjonane i Hellas og Italia så langt i år. Ved månadsskiftet opplyste italienske styresmakter at 69.500 flyktningar og migrantar kom til landet i første halvår.

Det har derimot vore ein kraftig nedgang i talet på flyktningar som tar vegen over Egeerhavet frå Tyrkia til Hellas. Nedgangen kjem fyrst og fremst av avtalen EU har inngått med Tyrkia, om å returnere dei som kjem sjøvegen, i tillegg til Makedonia sin stenging av grensa mot Hellas. (©NPK)