69 vart drepne i eksplosjon i Idlib

Talet på døde etter at eit ammunisjonslager eksploderte i Idlib-provinsen i Syria, har stige til 69. Dei fleste var sivile, blant dei mange barn.

Ifølgje den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) vart 52 sivile og 17 krigarar i opprørsgruppa Hayat Tahrir al-Sham drepne i eksplosjonen, som skjedde i landsbyen Sarmada søndag.

Ammunisjonslageret, som var opprørsgruppa sitt, låg i ein bygning der det budde mange menneske, men årsaka til eksplosjonen er ikkje kjent.

Idlib-provinsen er i hovudsak kontrollert av Hayat Tahrir al-Sham, som blir rekna som al-Qaidas forlengde arm i Syria.

Ifølgje Rami Abdelrahman var dei fleste av offera opprørarar og deira familiemedlemmer.

Dei siste tre åra har stadig fleire opprørarar og familiane deira blitt tvangsflytta til Idlib, etter at syriske regjeringsstyrkar og deira allierte har teke tilbake andre område av landet og tvunge dei til å la seg evakuere.

Syrias president Bashar al-Assad kunngjorde nyleg at regjeringsstyrkane har planar om å ta tilbake Idlib, og i førre veke vart det sleppt flygeblad over provinsen med oppfordring til å slutte opp om Assad-regimet og ikkje opprørarane.

(©NPK)

52 sivile og 17 opprørarar er funne døde i ruinane av ein bygning i den syriske Idlib-provinsen, der eit ammunisjonslager gjekk i lufta søndag. Foto: Dei kvite hjelmane / AP / NTB scanpix