Annonse

– Terroristane brukte panikken til å ta seg inn på flyplassen

(NPK-NTB-AP): To av dei tre sjølvmordsbombarane som angreip flyplassen i Istanbul, tok seg inn på flyplassen etter den første eksplosjonen, seier Tyrkias statsminister Binali Yildrim.

– Då terroristane ikkje greidde å kome seg forbi sikkerheitskontrollen, kom dei tilbake, tok våpena ut av koffertane sine og opna eld vilkårleg mot sikkerheitskontrollen, sa han på ein pressekonferanse onsdag.

– Ein av dei sprengde seg i lufta utanfor, og dei to andre nytta seg av panikken som var eit resultat av skytinga, kom seg inn og sprengde seg der, forklarte han vidare. (©NPK)