– Viktig steg mot at Parisavtalen kan tre i kraft

(NPK-NTB-AFP): Landa i klimaforhandlingane er i rute med arbeidet fram mot eit regelverk for gjennomføringa av Parisavtalen, meiner Noregs forhandlingsleiar.

Forhandlarar frå heile verda har dei to siste vekene vore samla i Bonn i Tyskland for å førebu arbeidet med regelverket.

Møtet var det første i dei internasjonale klimaforhandlingane sidan Parisavtalen blei vedteken i desember i fjor. Samtalene har til dels dreidd seg om tekniske detaljar og planane for det vidare arbeidet.

– Vi er i rute med å få rammeverket til Parisavtalen på plass. Møtet i Bonn var eit viktig steg på vegen mot at avtalen kan bli operasjonell, seier Noregs forhandlingsleiar, Aslak Brun.

Sjølv om arbeidet er i rute kan det ta lang tid. Frankrikes klimautsending Laurence Tubiana og fleire andre delegatar på Bonn-møtet meiner det kan ta opptil to år, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Både USA og Kina har varsla at dei formelt vil godkjenne Parisavtalen i år, noko som betyr at den kan tre i kraft forholdsvis raskt. På Bonn-møtet varsla likevel Russland at landet neppe vil ratifisere avtalen før det detaljerte regelverket er på plass. (©NPK)