Annonse

Aftenposten: Per Sandberg trekkjer seg i dag

Per Sandberg (Frp) trekkjer seg som fiskeriminister i dag, ifølgje Aftenposten. Avisa siterer sikre kjelder.

Per Sandberg (Frp) trekkjer seg som fiskeriminister i dag, ifølgje Aftenposten. Avisa siterer sikre kjelder.

Også fleire kommentatorar trur utviklinga i saka rundt fiskeriministeren inneber at han må ut av regjeringa. Ein av dei som har endra meining om Sandbergs skjebne, er Minerva-skribent Jan Arild Snoen.

- Dette er ei slik «drypp, drypp, drypp»-sak der det kjem meir og meir kvar dag, og så er det eit spørsmål om når nok er blitt nok, seier Snoen til NRKs Politisk kvarter. For Snoen kom det punktet då Sandbergs dotter i eit intervju med TV 2 laurdag antyda at faren kan komme til å trekkje seg frå ministerposten.

- Det kom fram då at Per Sandberg ikkje har tillit til Statsministerens kontor og difor ikkje informerer og dermed bryt retningslinjene. Så tilliten går ikkje den vegen, og då er det litt rart at statsministeren skal ha tillit til han.

Tone Sofie Aglen i Adresseavisen trur saka endar med at Sandberg sjølv trekkjer seg, men tek atterhald om at Sandberg er uføreseieleg og vanskeleg å lese.

- Eg trudde han ville berge seg, men kvar gong han opnar munnen, blir det verre. Han har vist utruleg dårleg dømmekraft, sa ho i same program måndag morgon.

Fiskeriminister Per Sandbergs vidare skjebne i regjeringa blir etter alle solemerke avgjort måndag. Arkivfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix