Alexander Kristoff droppar truleg OL 2020

Alexander Kristoff seier han vurderer sterk å droppe Tokyo-OL i 2020 etter å ha sett løypeprofilen til landevegsrittet.

- Det er skuffande, seier Kristoff til NRK etter å ha sett løypeprofilen til Tokyo-OL om to år.

Løypa er ei klatreløype, der ryttarane totalt skal over rundt 5000 høgdemeter, blant anna over fleire fjell i Mount Fuji-området.

Den norske sykkelsjefen, Hans Falk, seier det er den tøffaste OL-løypa han har sett, og meiner det er altfor tøft til å vere eit OL.

- Det er for få syklistar den løypa passar for. Det blir føreseieleg kven som kan gjere opp om det. Eg trur du kan rekne på ei hand kven som kan vinne, seier han.

Dei norske er ikkje blant dei, og difor trur ikkje Kristoff at han stiller til start.

- Dersom vi skal køyre bakkar som er 10 kilometer lange, med 1000 høgdemeter, så er det ikkje noko poeng for meg. Det blir i tøffaste laget, seier Kristoff.

(©NPK)

Alexander Kristoff ser ikkje noko poeng i å delta i OL om to år på grunn av løypeprofilen. Foto: AP Photo / Laurent Cipriani / NTB scanpix.