Annonse

Amal Aden truga etter innlegg om integrering

(NPK-NTB): Reaksjonane lét ikkje venta på seg etter at spaltisten Amal Aden skreiv om innvandrarar som ikkje vil arbeida på grunn av trua si. Ifølgje Aden skrudde ho av mobiltelefonen etter å ha fått 322 truslar.

Sist veke skreiv den somaliske skribenten eit innlegg i Dagbladet om innvandrarar som kjem til Noreg, men som ikkje har nokon tanke om å la seg integrera i det norske samfunnet. Dei er heller ikkje interesserte i å ta ein jobb av religiøse grunnar, men er derimot svært glade i pengane dei får i stønad frå Nav.

– Eg har fått 322 truslar. Eg slutta å sjekka og å lesa dei. Eg har ikkje tid til dette. Det blir latterleg, rett og slett, eg har ikkje ord, seier Aden til Dagbladet.

Truslane har mellom anna gått ut på at ho bør steinast, gruppevaldtakast og drepast. Hun seier at innlegget hennar er feil omsett til somali, og at det er bakgrunnen for mange av truslane.

– Vi skal respektera religiøse, det er ikkje det det handlar om. Men kven skal forsørgja dei viss dei ikkje vil arbeida av religiøse grunnar? spør Aden.

Også personar som arbeider innan flyktningfeltet har reagert på utspelet og meiner Aden øydelegg for integreringa. (©NPK)