Annonse

Amerikansk storbank får milliardbot

Den amerikanske storbanken Wells Fargo får ei bot tilsvarande 7,8 milliardar kroner for ulovleg praksis med lån til bil og hus.

Annonse

Banken er dømt til å betale 3,9 milliardar kroner til det føderale finanstilsynet CFPB, og ytterlegare 3,9 milliardar kroner tilforvaltningsorganet Office of the Comptroller of the Currency (OCC).

Bota kjem etter at banken har drive ulovlege bil- og huslånspraksis. I fjor sommar innrømte Wells Fargo at dei hadde seld bilforsikring til hundretusenvis av lånekundar som verken trong eller ville ha det. I ei annan sak har Wells Fargo også innrømt at tusenvis av kundar måtte betale unødvendige avgifter for å låse renta på huslåna sine.

Ifølgje nyheitsbyrået AP var dette første gong at Mick Mulvaney, som blei peikt ut som direktør for CFPB av president Donald Trump, tok affære mot ein bank sidan han tok over leiinga av finanstilsynet i november.

Wells Fargo har lenge vore i søkjelyset til myndigheitene, og banken får ei bot på 100 millionar dollar (om lag 782 millionar kroner) av CFPB i september 2016, for å ulovleg ha opna fleire millionar falske bankkontoar. Storbanken har hovudkontor i San Francisco.

(©NPK)

Den amerikanske storbanken Wells Fargo får ei bot tilsvarande 7,8 milliardar norske kroner for ulovleg hus- og billånspraksis. Foto: AP / NTB scanpix.