Annonse

Analytikar: Trump sender dollaren nedover

Børsane fall måndag både i Japan, Europa og USA. Det same gjorde dollaren. Frykt for handelspolitikken til Donald Trump skal ha medverka til nedgangen.

I så fall kan innsetjinga av Trump ha markert eit stemningsskifte. Etter valsigeren hans i november kom ein periode med børsoppgang i USA og fleire andre land.

Måndag fall Nikkei-indeksen i Japan med 1,3 prosent, mens indeksane hadde falle på alle dei største europeiske børsane på ettermiddagen. Nedgangen var på 0,8 prosent i London, 0,8 prosent i Frankfurt og 0,5 prosent i Oslo.

Då børsane opna i USA, fall aksjekursane også her. I tillegg fell dollarkursen. Fleire analytikarar meiner planane til Trump om mindre frihandel og ein meir proteksjonistisk handelspolitikk bidreg til nedgangen.

- Dollaren ser ut til å ha blitt skaka både av den apokalyptiske tonen til Trump under innsetjinga og dei globale protestane mot den tidlegare leiaren av realityserien «The Apprentice», seier analytikar Connor Campbell frå selskapet Spreadex.

(©NPK)