Annonse

Andersen går av som generalsekretær i NIF

Inge Andersen fråtrer stillinga si som generalsekretær i Norges idrettsforbund (NIF) etter å ha blitt bedt om å slutte. 

Annonse

Inge Andersen fråtrer stillinga si som generalsekretær i Norges idrettsforbund (NIF) etter å ha blitt bedt om å slutte.

Det skriv NIF i ei pressemelding måndag.

- Inge Andersen har gjort ein stor innsats for norsk idrett. I hans 13 år som generalsekretær i Idrettsforbundet har norsk idrett opplevd ein formidabel vekst både sportsleg, organisatorisk og økonomisk. Den norske idrettsmodellen med fokus på idrettsglede for alle er mykje Inges forteneste. Norsk idrett har mykje å takke han for, seier idrettspresident Tom Tvedt i pressemeldinga.

- Inge har i alle desse åra arbeidd tett med dei tillitsvalde i idretten, både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, og har vore ein god og lojal medarbeidar for den øvste valde leiinga i forbundet, seier han vidare.

Det var NRK som omtalte saka først.

Beden om å slutte

I pressemeldinga kjem det fram at det er Norges idrettsforbund som har bedt Andersen om å slutte. Han får også med seg ein sluttpakke.

- Eg har hatt 13 givande og minnerike år som øvste administrative leiar i Norges idrettsforbund. Når idrettsstyret ber meg om å slutte, skjer det med ein viss porsjon vemod. Samtidig ønskjer eg ikkje å stå i vegen for ønsket til idrettsstyret om fornying, seier Andersen og legg til:

Dale er konstituert

- Det er den daglege kontakten med flotte menneske eg vil sakne aller mest. Eg vil takke alle dyktige medarbeidarar eg har jobba med, og ikkje minst alle dei engasjerte og flinke tillitsvalde eg har hatt gleda av å bli kjent med - frå klubbnivå, via kretsar og forbund, til idrettsstyret. Når eg no sluttar i jobben, skjer det med dei varmaste følelsar og dei beste ønske for norsk idrett vidare.

Andersen sluttar i stillinga 31. mars. Assisterande generalsekretær Øystein Dale er konstituert som generalsekretær.

- Idrettsstyret vil bruke nødvendig tid på å finne ny generalsekretær i Idrettsforbundet. Inntil denne personen er på plass, er den daglege leiinga i Idrettsforbundet i trygge hender, seier Tvedt.

(©NPK)