Annonse

Antibiotikabruken går ned i Noreg

Bruken av breispektra antibiotika her i landet går ned, men er framleis for høg, meiner helsestyresmaktene.

Annonse

I 2017 vart det skrive ut 339 reseptar per 1.000 innbyggar på landsbasis.

- Bruken av breispektra antibiotika er framleis for høg i Noreg, og den skal ned. Vi ser det går i rett retning. Dersom overforbruk leier til antibiotikaresistente bakteriar, så kan det bety store helseutfordringar for samfunnet og den enkelte. Vi må derfor fortsette å jobbe målretta for å få ned forbruket, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

Det er eit helsepolitisk mål at Noreg skal redusere bruken av antibiotika, bruke legemidla riktigare, auke kunnskapen om antibiotikaresistens og vere ein pådrivar internasjonalt i utviklinga av nye antibiotika og vaksinar. Talet på reseptar som blir skrivne ut, skal reduserast kraftig, og målet er å nå 250 reseptar per 1.000 innbygger innan 2020.

- Med auka resistens kan vi risikere auka dødelegheit hos for eksempel kreftpasientar, nyfødde, intensivpasientar, og dei som har gjennomgått transplantasjon eller større kirurgiske inngrep. Redusert bruk at utvald antibiotika reduserer risikoen for utbrot og spreiing av antibiotikaresistente bakteriar, seier Guldvog.

Tala kjem fram Helsedirektoratets nasjonale kvalitetsindikatorar for helse- og omsorgstenesta, som publiserer nye tal torsdag. Tala skal gi informasjon om kvaliteten på helsetenestene brukarane får. Dei blir også brukte til kvalitetsstyring og kvalitetsforbetring.

Nasjonalt kvalitetsindikatorsystem (NKI) omfattar i alt 175 indikatorar, og no blir resultata for 29 nye indikatorar publisert.

(©NPK)

Bruken av antibiotika fell, men skal ytterlegare ned. Foto: Gorm Kallestad / NTB SCANPIX