Annonse

Antirasistisk ­Senter vil fjerne Alliansen frå Arendalsveka

Antirasistisk ­Senter krev at arrangøren av Arendalsveka revurderer om partiet Alliansen skal få delta, etter Twitter-meldingar av partileiaren.

Annonse

«It is treason and the treasonous shall hang» og «Svikere, landssvikerne, forræderne mot det norske folk skal stilles for ­retten og dømmes. Lov og dom. Alliansen er det eneste partiet med kandidater som fremmer at det må til et nytt landssvikar-oppgjør (...)» er meldingane frå Alliansen-partileiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen.

Dei fekk Antirasistisk Senter og Norsk tjeneste­mannslags ungdomsorganisasjon (NTL Ung) til å be arrangørane revurdere deltakinga til det partiet under den politiske festivalen.

- Det fekk oss til å tippe heilt over då han på Twitter tok til orde for å avrette meinings­motstandarar. Då er vi over i Breivik-territorium kva gjeld ideologi, seier Rune Berglund ­Steen, leiar for senteret til Vårt Land.

Alliansenleiar Lysglimt Johansen meiner motstandarane prøver å stanse ytringsfridomen og seier meldingane ikkje skal tolkast bokstaveleg.

- Det er skrivne i eit poetisk språk. Det er også skrivne på ­engelsk, og det er eigentleg eit sitat frå den engelske «Treason Act», seier han til avisa.

Leiaren for hovudprogramkomiteen i Arendalsveka, Øystein Djupedal, fortel at dei vurderer kva organisasjonar som får delta og seier at Alliansen blir sett på som innanfor oppdraget til festivalen.

- Vi skal vere ein festival for heile demokratiet, seier han.

(©NPK)

Rune Berglund Steen reagerer sterkt på Twitter-meldingar frå Alliansen-leiaren. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix