Annonse

Ap krev at vogntog utan vinterdekk må stoppast på grensa

Utanlandske lastebilar som køyrer seg fast i heftig norsk vintervêr vart tema på Stortinget onsdag. Ap meiner dårleg skodde køyretøy må stoppast på grensa.

Annonse

Stortingsrepresentant Sverre Myrli (Ap) viste i spørjetimen til ferske avisoppslag om lastebilar, ofte utanlandske, som køyrde seg fast i snøvêret tysdag.

- Det er fleire og fleire utanlandske lastebilar og mange av dei er ikkje skodde og utrusta for norske vinterforhold. Kvifor lar styresmaktene dette skje? Kvifor stoppast ikkje desse på grensa før dei køyrer rundt i Noreg og skaper store problem? spurde han.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) viste til at det er innført strengare reglar til bruk av vinterdekk og moglegheit til å stoppe vogntog ved hjelp av hjullås.

- Det er meir kontrollar av at ein har kjetting i køyretøyet og vi jobbar aktivt opp mot våre internasjonale venner for å få eit gjensidig førarkortregelverk om at ein skal ha kompetanse på å køyre på vintervegar, sa han.

Han påpeikte at det er færre ulykker med vogntog og sette det i samanheng med strengare reglar.

Solvik-Olsen påpeiker at det også er jobba med reglar som sikrar at vogntog som køyrer seg fast blir flytta og ikkje kan «sitje og vente på våren» for å sleppe kostnader.

(©NPK)