Ap legg kabal for å unngå ny kjønnskrangel

Anniken Huitfeldt kan bli leiar i helse- og omsorgskomiteen. Slik håpar Ap å unngå tilløp til ny kjønnskrangel dersom Espen Barth Eide overtar utanrikskomiteen.

Som det største opposisjonspartiet på Stortinget har Arbeidarpartiet ein uskriven rett til å leie den viktige utanriks- og forsvarskomiteen. Tidlegare utanriksminister, forsvarsminister og nyvalt stortingsrepresentant Espen Barth Eide er av mange nemnt som svært aktuell til jobben.

Men samtidig skal Anniken Huitfeldt ifølgje fleire medium ha gitt beskjed om at ho ønsker å halde fram som leiar av utanriks- og forsvarskomiteen.

Partileiinga og valkomiteen må i så fall finne ein annan sentral posisjon for Huitfeldt i det nye Stortinget.

Sentral posisjon

Huitfeldt blir nemnt no av mange i Ap som kandidat til å leie helse- og omsorgskomiteen. Det vil vere ein såpass framskoten posisjon at det kan demme opp for eventuelle nye rundar med støy på linje med utbrota i sosiale medium då nestleiar Trond Giske blei sett inn som finanspolitisk talsperson, sjølv om Marianne Marthinsen ønskte å halde fram.

I kraft av å leie kvinnenettverket i Ap, og som tidlegare kulturminister, barne- og likestillingsminister og arbeidsminister, står Huitfeldt langt framme i køen når Arbeidarpartiet skal fylle leiarvervet i tre av dei to tolv fagkomiteane på Stortinget.

Korkje Huitfeldt eller Eide har ønskt å kommentere saka, men viser til valkomiteen til partiet. Den vil, etter det NTB får opplyst, legge fram innstillinga si tysdag til veka.

Marthinsen-ønske

NTB er også kjent med at Marianne Marthinsen er ønskt som fraksjonsleiar i energi- og miljøkomiteen, som blir rekna å bli ein av dei viktigare for Ap den kommande stortingsperioden.

Venstre ønsker sterkt å leie denne komiteen, men det blir neppe endeleg avklart før dei parlamentariske leiarane møtes for å fordele komiteane måndag.

Marthinsen skal ha blitt så skuffa over ikkje å få fortsette som finanspolitisk talsperson at ho skal ha gitt uttrykk for at ho ikkje ønsker seg noka framståande rolle på Stortinget dei neste fire åra. Fleire i Ap gir no uttrykk for håp om at ho likevel lar seg overtale når skuffelsen legg seg.

- Ho er ein av våre dyktigaste politikarar. Om ho ønsker det, får ho ein sentral rolle også framover, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK i helga.

Kontrollkomiteen

I samsvar med sedvane på Stortinget vil Ap i utgangspunktet kunne krevje å få leiaren av kontroll- og konstitusjonskomiteen. Men når Ap berre skal ha tre komitéleiarar i det nye Stortinget, mot fire i det førre, er det antyda at partiet kan tenkjast å prøve å få komitéleiaren i ein av dei andre fagkomiteane i staden, kan hende transportkomiteen eller justiskomiteen.

Det føreset i så fall at eitt av dei andre opposisjonspartia ønsker å fylle leiarvervet i den framståande, men til tider arbeidskrevjande kontroll- og konstitusjonskomiteen, som dessutan er den einaste på Stortinget der opposisjonen er i fleirtal.

I komitékabalen som skal leggjast for fire nye år, er normalen at posisjonen leiar finanskomiteen. I førre periode var det Hans Olav Syversen frå KrF som hadde den jobben. Han blei ikkje attvalt, og det er venta at Høgre no vil gjere krav på komitéleiaren i finanskomiteen.

Det er òg venta at Høgre vil insistere på å få leiaren i arbeids- og sosialkomiteen. Dermed ligg det ikkje an til at korkje nestleiar Giske eller nestleiar Hadia Tajik blir komitéleiarar. Dersom Høgre får leiaren i arbeids- og sosialkomiteen, står det i så fall att ein komitéleiar for det største regjeringspartiet.

(©NPK)

Anniken Huitfeldt kan bli sett inn som leiar av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget dersom Espen Barth Eide overtar som leiar av utanriks- og forsvarskomiteen.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix