Annonse

Apple risikerer milliardar i straffeskatt

(NPK-NTB-Ritzau): Dataselskapet Apple kan vente seg milliardar i straffeskatt etter at EU-kommisjonen har slått fast at selskapet har fått statsstøtte frå Irland.

Etter tre år med undersøkingar har kommisjonen i ein 130 sider lang rapport konkludert med at Irland har gitt statsstøtte til Apple som er i strid mot EU-reglane. Andre selskap har ikkje blitt tilbode den same statsstøtta, skriv Financial Times.

Konkurransekommissær i EU Margrethe Vestager sende konklusjonen til toppleiinga i EU allereie måndag morgon. Truleg vil den bli gjort kjend for partane tysdag.

Apple kan vente seg restskatt på over 150 milliardar kroner, ifølgje banken JP Morgan.

Irland har allereie varsla at den vil anke eit eventuelt negativt utfall. Det er også venta at Apple vil anke. (©NPK)