Annonse

Arabarar feirar i Kirkuk mens kurdarar flyktar 

Arabarar og turkmenarar feirar at irakiske styrkar har full kontroll over Kirkuk. Samtidig legg tusenvis av menneske på flukt. 

Annonse

- Vi drar fordi vi fryktar samanstøytar, seier 51 år gamle Vhounem Qader, som er ein av mange som set kursen mot regionhovudstaden Arbil. Det same har Kirkuks guvernør, Najmaddin Karim, gjort.

Det siste døgnet har sivile og soldatar frå regjeringsstyrkane rive ned kurdiske flagg over heile byen, og måndag kveld var gatene fulle av irakiske flagg.

Politiet i Kirkuk oppfordra måndag kveld folk på flukt til å returnere til byen og omtalte situasjonen som stabil, men seint måndag fekk innbyggjarane i byen nattleg portforbod.

Hjelpeorganisasjonen International Rescue Committee (IRC) ber begge partar om å gjere alt dei kan for å beskytte sivile, og EUs utanrikssjef Federica Mogherini oppfordrar til dialog.

USAs president Donald Trump sa måndag at amerikanarane ikkje vil ta side i konflikten mellom kurdarane i Nord-Irak og regjeringa i Bagdad, og ber partane halde fokus på kampen mot IS.

(©NPK)

Irakiske regjeringsstyrkar og frivillige feira i Kirkuk måndag. Foto: Emad Matti / AP / NTB scanpix