Annonse

Arbeidstilsynet fann mange feil innan overnatting og servering

(NPK-NTB): Arbeidstilsynet har sidan 2015 gjennomført 3.000 tilsyn i overnattings- og serveringsbransjen. Åtte av ti verksemder har fått ein eller fleire reaksjonar.

Annonse

– Det er altfor mange arbeidsgivarar som ikkje følgjer dei heilt grunnleggjande reglane i arbeidslivet. Dei må ta det ansvaret dei har for å tilby sine tilsette trygge, gode og lovlege arbeidsforhold, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.

Overnattings- og serveringsbransjen er ei av dei prioriterte næringane for Arbeidstilsynet i 2015 og 2016. Gjennom toårsperioden skal det gjennomførast til saman 4.000 tilsyn i bransjen.

Førebygging av sosial dumping, styrkt tilrettelegging og oppfølging i tillegg til å auke arbeidsmiljøkunnskapen hos unge arbeidstakarar, har vore nokre av dei store aktivitetane for Arbeidstilsynet i denne næringa.

Funna frå dei 3.000 tilsyna som er gjennomførte så langt, viser blant anna at det er store manglar når det gjeld arbeidsavtalar, overtidsbetaling, arbeidsplanar, HMS-opplæringa til leiaren og val av og opplæring av verneombod.

Arbeidstid er ei av dei store utfordringane i bransjen, og det er her Arbeidstilsynet finn dei grovaste brota.

– Mange tilsette jobbar enormt lange vakter – heilt opp imot 17– 18 timar fleire dagar i strekk, seier direktøren i Arbeidstilsynet. (©NPK)