Annonse

Arkeologar har funne 14.400 år gammalt flatbrød i Jordan

Arkeologar har funne forkola matrestar på ein 14.400 år gammal buplass for jegerar og samlarar i nordaustlege Jordan.

Funne blei gjort av arkeologar frå København Universitet, University College of London og Cambridge University under ei utgraving i området.

Brødrestane er dei eldste som nokosinne har blitt oppdaga. Brødet blei dermed bakt heile 4.000 år før landbruket oppstod, og arkeologane omtaler funnet som oppsiktsvekkjande.

- No kan vi med tryggleik fastslå at det blei bakt brødliknande produkt lenge før landbruket blei oppfunne. Det neste steget er å undersøkje om den tidlege brødbakinga på nokon måte påverka den etterfølgjande dyrkinga av korn som landbruket førte med seg, seier arkeobotanikar Amaia Arranz Otaegui frå København Universitet.

Utgravinga blei utført mellom 2010 og 2015. I tillegg til brødrestane, blei det også funne planterestar og dyreknoklar. Buplassen består av to godt bevarte steinbygningar.

(©NPK)