Årsdagen for terrorangrepet i Barcelona brukt til protest mot kongen

Katalanske separatistar såg sitt snitt til å demonstrere mot Spanias kong Felipe da Barcelona markerte årsdagen for terrorangrepet.

Eit stort banner med påskrifta «Den spanske kongen er ikkje velkommen i katalanske land» hang fredag føremiddag utanfor ein av bygningane på plassen der kong Felipe seinare på dagen skulle ta del på ei minnemarkering. På banneret var det også eit portrett av kongen, men det var plassert opp ned.

Både kongen og Spanias statsminister Pedro Sanchez oppheld seg fredag i Barcelona for å minnast dei 16 som blei drepne og 120 som blei såra i terrorangrepa i fjor.

Ein separatistorganisasjon som kallar seg Assemblea Nacional uttrykkjer støtte til aksjonen på Twitter.

«All støtte til aktivistane som hang opp dette banneret og brukte heile natta på å forsvare ytringsfridomen», skriv organisasjonen.

Minnemarkeringane blei fredag innleidd med at det blei lagt ned blomster på staden der fotgjengarane blei meidd ned.

Terrorangrepet blei utført av ein 22-årig mann av marokkansk opphav, som pløgde ein varebil inn i folkemengda i Barcelonas mest kjente promenadegate La Rambla. 14 menneske blei drepne då dei blei treft av bilen, mens ein ung mann blei knivdrepen då angriparen stal bilen hans i eit forsøk på å flykte etter angrepet.

Neste dag blei ytterlegare éin person knivdrepen i eit anna terrorangrep i byen Cambrils like ved.

IS hevda å stå bak angrepa. Spanske styresmakter har oppgitt at dei har avslørt cella som angriparane var ein del av, og at medlemmene anten er drepne eller fengsla.

(©NPK)

Blomster er lagt ned på Barcelonas mest kjente gate La Rambla til minne om offera for terrorangrepet 16. august 2017. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB scanpix