Annonse

Austerrike vil prøve å kvitte seg med asylkvote 

Austerrike ber om å få sleppe å ta imot asylsøkjarar for å avlaste Hellas og Italia. Ikkje aktuelt, er det kontante svaret frå EU-kommisjonen. 

Austerrike har enno ikkje mottatt nokon asylsøkjarar gjennom den såkalla relokaliseringsordninga.

Fordi landet tok imot 90.000 asylsøkjarar i 2015, fekk landet ei utsetjing på kvoten sin, men denne utsetjinga gjekk ut tidlegare i mars.

- Det betyr at Austerrike no er venta å oppfylle si juridiske plikt og begynne å ta imot asylsøkjarar. Ingen land kan einsidig trekke seg frå eit juridisk bindande vedtak frå EUs ministerråd, seier EU-kommisjonens talsperson Natasha Bernaud.

Ifølgje henne vil det få konsekvensar dersom Austerrike ikkje føyer seg.

Den austerrikske regjeringa har gjort det klart at ho ikkje ønskjer nokon rettsleg konfrontasjon med EU.

- Det vi undersøkjer, er om vi kan få eit unntak eller ei ny utsetjing, seier statsminister Christian Kern ifølgje nyheitsbyrået DPA.

EUs plan var opphavleg å flytte 160.000 asylsøkjarar vidare frå Hellas og Italia for å avlaste dei to landa, som har vore under eit veldig press.

Innsatsen har gått i sniglefart. Så langt har ikkje dei andre landa tatt imot meir enn 15.000 asylsøkjarar.

Noreg deltar frivillig i programmet og ligg godt an etter å ha tatt imot 830 asylsøkjarar frå Hellas og Italia. Det er godt over halvparten av kvoten på 1.500 asylsøkjarar.

(©NPK)