Annonse

Avgjerda nærmar seg for Rousseff

(NPK-NTB-AFP-DPA): President Dilma Rousseff får truleg avgjort lagnaden sin i det brasilianske senatet seint tysdag eller tidleg onsdag, når senatorane røyster om å avsetje henne.

Annonse

Dei 81 medlemmene av forsamlinga har sidan torsdag blitt konfronterte med prov for at Rousseff har gjort seg skuldig i økonomisk kriminalitet. Måndag heldt Rousseff sin forsvarstale, der ho sa seg uskuldig.

Tysdag skal kvar av dei 81 senatorane tale i ti minutt, med argument for eller imot å avsetje presidenten. Det er venta eit maratonkøyr, og den endelege røystinga kan finne stad anten seint tysdag eller tidleg onsdag.

Det trengst fleirtal på to tredelar for å avsetje Rousseff.

Rousseff har vore suspendert frå presidentvervet sidan mai medan ho ventar riksrettsprosessen. I talen hennar måndag kalla ho prosessen «eit politisk motivert kupp» med mål om å gjere slutt på 13 år med arbeidarpartistyre. Ho framstilte det som ironisk at ho blir skulda for lovbrot ho ikkje har gjort, av politikarar mistenkte for alvorleg økonomisk kriminalitet. (©NPK)