Annonse

Avinor: All flytrafikk i Noreg elektrisk innan 2040

Luftfarten skal bli grønare, og Avinor-sjef Dag Falk-Petersen seier all norsk flytrafikk skal vere elektrisk innan 2040.

Svalbard lufthamn blir driven delvis av solceller, og på Oslo lufthamn blir snø lagra om vinteren for å bli brukt til å kjøle bygningane om sommaren. Det blir og bora etter geovarme på Gardermoen, melder NRK.

Flya brenner framleis drivstoff som slepper ut store mengder CO2, men det kan gå mot slutten, ifølgje konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor.

- I 2040 skal all flytrafikk her i Noreg vere elektrisk. Vi startar i det små og utviklar oss og legger til rette for kortbanenettet først og seinare for at heile landet skal bli betent med elektriske fly i passasjertrafikken.

Førebels finnes det ikkje infrastruktur for el-fly i Noreg, men det første elektriske flyet er venta til landet seinare i år.

- Hadde du spurt meg for berre nokre år sidan, hadde eg ledd, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), som ikkje kan sitte stille og vente på elektrifiseringa.

- Vi veit at luftfarten kjem til å auke kraftig framover og då er det viktig med miljøtiltak. I første rekke må flytrafikken over på meg biodrivstoff. I dag blir 1,25 millionar liter biodrivstoff fylt på fly på Oslo lufthamn, men dette skal opp, seier han.

(©NPK)

Innan 2040 skal motorar som denne bli bytt ut med elmotorar på fly i Noreg, ifølgje Avinor-sjefen. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix