Avis: Arrangørane bak sykkel-VM venta stort underskot

Arrangørane av sykkel-VM i Bergen venta eit underskot på rundt 15 millionar kroner, ifølgje Bergens Tidende.

I etterkant av meisterskapet har det komme signal om at arrangementet går kraftig i underskot. Og ifølgje avisa viste prognosane allereie i sommar at eit underskot var venta.

«Resultatmessig ser prognosane ikkje særleg lovande ut og vi kan fort få eit underskot på rundt 15 millionar kroner,» heiter det i eit notat som skal vere skrive 13. juli av sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen i Norges Cykleforbund (NCF) og styreleiar Mona Hellesnes i Bergen 2017 AS. I notatet blir det vist til lågare inntekter og valuta som hovudårsakene til tala.

Dagen etter at meisterskapen var over sa Hansen til VG at dei då skulle få den fulle oversikta over inntekter og sal, og at dei håpa på å kunne gå i null. Men allereie før VM var over, tydde alt på at arrangementet ville gå fleire millionar i minus.

I slutten av september starta sykkelinteresserte kronerulling for å hjelpe NCF. Hansen opna ein Vipps-konto der det vart donert 3,2 millionar kroner.

Tysdag vart det kjent at politiet vil redusere sine krav på 13,4 millionar kroner til 3,2 millionar, grunna signala om underskotet.

Hansen ønsker ikkje å gi ein kommentar til avisa.

(©NPK)

Sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen. Foto: Tor Erik H. Mathiesen / NTB scanpix