Annonse

Bachelet valt som ny menneskerettssjef i FN

ekspresident Michelle Bachelet i Chile blei fredag valt som ny høgkommissær for menneskerettar i FN.

Generalsekretær António Guterres i FN nominerte Bachelet 8. august, og fredag fekk ho støtte av hovudforsamlinga.

Bachelet var president i Chile frå 2006 til 2010 og igjen frå 2014 til i år. Ho har også vore forsvarsminister og helseminister og tar no over som menneskerettssjef i FN etter Zeid Ra'ad al-Hussein, som har hatt vervet i fire år.

Fritalande

Den fritalande Zeid Ra'ad al-Hussein har sagt at han ikkje søkjer fornya mandat, fordi han ikkje trur stormakter som USA og Kina ønskjer å ha han der lenger. Zeid går av 31. august.

Den avtroppande menneskerettssjefen er jordansk diplomat og medlem av kongefamilien i landet. Han har kritisert menneskerettsbrot både i Myanmar, Ungarn, Syria og USA.

- Ingen respekterer deg for å teie stille, sa han i avskjedstalen sin.

Pinochets regime

Den 66 år gamle sosialisten Bachelet var i si tid aktiv motstandar av regimet til general Augusto Pinochet i Chile.

Seinare blei ho sjølv president i to periodar, avbrote av ein periode som leiar for kvinneorganisasjonen i FN UN Women.

FN-ambassadør Nikki Haley i USA oppfordrar Bachelet til å «unngå tidlegare feil» - truleg ei tilvising til perioden til Zeid som menneskerettssjef.

USA trekte seg frå menneskerettsrådet til FN tidlegare i sommar og grunngav avgjerda blant anna med at rådet kjem med «einsidig kritikk av Israel».

(©NPK)

Tidlegare president Michelle Bachelet i Chile er valt til menneskerettssjef i FN. Foto: AP / Seth Wenig / NTB scanpix