Både YouTube og Facebook omfatta av nytt mediedirektiv frå EU

EUs nye reviderte mediedirektiv vil inkludere både tydelegare krav om vern av barn og unge og endringar når det gjeld terroroppfordringar.

- Det nye regelverket gjer det lettare å stoppe hatprat og oppfordring til terrorhandlingar, og gir unge mediebrukarar betre vern mot skadeleg innhald, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i ei pressemelding.

Endringane i EUs mediedirektiv (AMT-direktivet) vart vedtatt av EU-kommisjonen, EU-parlamentet og Rådet for den europeiske union tidlegare denne månaden. Det er blant anna utvida til å omfatte videodelingsplattformer som YouTube og Facebook.

- Ei ny medieverkelegheit fører til nye utfordringar, noko det nye direktivet tar høgde for. Medieplattformene opererer på tvers av landegrenser, og felles reglar på europeisk nivå er heilt nødvendig, seier Velsand.

Det er venta at direktivet vil bli endeleg vedtatt i EU til hausten, og det vil då vere ein frist for gjennomføring i EU-landa på 21 månader etter at det er vedtatt. Det er Medietilsynet som blant anna skal føre tilsyn med kva bestillingstenester og videodelingsplattformer som finst i Noreg, og deretter rapportere dette vidare til Eftas overvakingsorgan ESA.

Sidan AMT-direktivet er tatt inn i EØS-avtalen vil dette omfatte Noreg, og kringkastingslova må reviderast og tilpassast.

(©NPK)

Både YouTube og Facebook blir omfatta av det nye, reviderte mediedirektivet til EU.
Foto: AP Photo/Patrick Semansky,/NTB scanpix