Barneministeren ber idretten inkludere fleire

Tilskotsordninga mot barnefattigdom har aldri vore større. No må idretten og kulturlivet ta eit større ansvar, meiner barneminister Linda Helleland (H).

Tilskotsordninga mot barnefattigdom har aldri vore større. No må idretten og kulturlivet ta eit større ansvar, meiner barneminister Linda Helleland (H).

- Mange idrettslag, trenarar og lagleiarar er flinke til å oppdage desse barna og finne praktiske løysingar lokalt, men eg saknar eit meir offensivt og strategisk arbeid på leiarnivå i idretten og frå kulturlivet generelt, seier Helleland til NTB.

- Barn som veks opp i låginntektsfamiliar skal ha moglegheiter for å delta på ferie- og fritidsaktivitetar på lik linje med alle andre, seier barne- og likestillingsministeren.

Helleland meiner samarbeidet mellom skule og frivilligheit må bli betre.

- Skulane er nærmast til sjå kva for barn som står utanfor og kan ha behov for eit fritidstilbod. Ein betre dialog mellom foreldre og frivilligheita må på plass for å gi eit tilbod til barna som treng det aller mest. Det er for mykje silotenking i dag, seier ho.

Rekordpott

Regjeringa har no fordelt årets tildelingar gjennom den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom. Til saman vert det gitt om lag 270 millionar kroner til 747 tiltak - den største tildelinga nokon gong. Ordninga er styrkt frå om lag 100 millionar i 2014.

- Vi veit at det er tøft for barn og unge å skilje seg ut, når dei ikkje kan delta på fritidsaktivitetar saman med jamaldrande. Med målretta tilskot sikrar vi at fleire barn får betre liv gjennom at dei også får vere med, seier Helleland.

Spennvidda er stor når det gjeld tiltaka i ordninga. Her kan for eksempel barn frå utsette familiar bli henta frå skule og barnehage og få leksehjelp, eit næringsrikt måltid og delta i friluftsaktivitetar, leik og spel.

Inkludering

Helleland seier at innvandring er ein del av forklaringa på at barnefattigdommen veks i Noreg. Ho meiner kulturlivet og idretten er ein spesielt god inkluderingsarena.

- Det er høge kostnader for å vere med i mange idrettslag. For mange barnerike familiar blir den samla kostnaden umogleg å bere. Då er det greitt å vite at regjeringa i fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha anledning til å delta på minst éin organisert aktivitet, seier Helleland.

- Dette er noko vi jobbar med kvar einaste dag, svarer breiddeidrettssjef Anja Veum i Norges Idrettsforbund.

- Vårt råd til regjeringa er at det i kvar kommune er pengar tilgjengeleg for å dekke kontingent og treningsavgift for den enkelte, og at idrettslag kan gi beskjed til kommunen når nokon treng støtte for å delta, tilføyer Veum, som meiner støtteordningane gjennom Nav-systemet ikkje fungerer godt nok i dag.

Evaluert

Tilskota vert forvalta av Barne- og ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og vert gitt til fritids- og ferieaktivitetar, utlån av sportsutstyr, stipendordningar og integreringstiltak.

- Det er positivt at det er så stor oppslutning om tilskotsordninga. Samarbeid med frivillige organisasjonar gjer at vi får til eit felles løft i arbeidet for inkludering av flest mogleg barn, seier Helleland

11. mai får til saman 682 tiltak støtte på til saman 160 millionar kroner etter søknader sendt via kommunane. Dette kjem i tillegg til ei fordeling i mars, på rundt 110 millionar kroner til 65 frivillige aktørar i tillegg til Norges Røde Kors, Blå Kors, MOT og Kirkens Bymisjon.

Ordninga vart tidlegare i år evaluert av Fafo og vurdert som svært nyttig av dei som får midlar, sjølv om berre halvparten er heilt einig i at den lykkast. Kritikken er i stor grad retta mot organiseringa, som at svar på søknader kjem for seint. Det ligg heller ikkje føre oversikt over kor mange som samla sett deltok i tiltaka eller kor mange som høurde til målgruppa.

(©NPK)

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H) meiner idretten bør ta eit strammare grep om inkluderinga. Her frå handball-VM i fjor, der ho var til stades som kulturminister. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix