Annonse

Barnesete blir trekt frå marknaden på grunn av mogleg sikkerheitsproblem

Produsenten av bilstolen Dualfix trekkjer barnesetet frå marknaden på grunn av problem med ein komponent som kan utgjere eit sikkerheitsproblem.

Produsenten Britax Römer opplyser at bilstolane som blir trekte tilbake, er selde i perioden 3. november 2017 til 22. mars 2018.

- Den spesifikke komponenten er ikkje nytta i andre Britax Römer-produkt, opplyser selskapet.

Britax Römer ber alle som har kjøpt denne stolen i den aktuelle perioden, om å besøkje nettsida til selskapet der dei kan sjekke tilbakekallinga gjeld deira bilstol.

Feilen ved komponenten vart oppdaga ved ein intern kvalitetstest.

(©NPK)

Britax Römer kallar tilbake bilstolen Dualfix. Foto: Produsenten / NTB scanpix