Annonse

Bayern vil endra grunnlova for å kjempa mot terrorisme

(NPK-NTB-DPA): Styresmaktene i den tyske delstaten Bayern ønskjer å endra grunnlova slik at det tyske militære kan vera med og kjempa mot terrorisme.

Det fortel nyheitsbyrået DPA, med tilvising til opplysningar frå tryggingsmaktene i delstaten.

Delstaten søraust i Tyskland har dei siste to vekene opplevd to terrorangrep der til saman 17 menneske har blitt såra. 18. juli gjekk ein 17 år gammal afghansk flyktning til angrep på passasjerar med øks på eit tog i Würzburg, og berre seks dagar seinare sprengde ein 27 år gammal syrisk asylsøkjar seg sjølv i Ansbach i Bayern.

Ifølgje tryggingsmakta vil delstaten også tilsetja 2.000 nye politifolk innan 2020, som følgje av angrepa.