Bedrift dømt etter dødsulykke i Rogaland

NorStone er i Stavanger tingrett dømt til å betale ei bot på 2 millionar kroner etter at ein mann omkom i ei arbeidsulykke i 2015. 

Mannen døydde då han tråkka gjennom ei sponplate og fall 18 meter ned frå ein silo på NorStones anlegg i Hjelmeland kommune.

- Etter rettens syn framstår staden visuelt sett som ei felle. Underlaget ser ut som eit golv, men er ikkje konstruert for å bli tråkka på og er rote. Retten nemner her at det ikkje er plassert skilt eller sett inn andre tiltak som markerer faren eller eliminerer risikoen for dei som skulle utføre vedlikehaldsarbeid i området, står det i dommen som er omtalt i Stavanger Aftenblad.

I tillegg til millionbota er selskapet ifølgje avisa dømt til å betale 125.000 kroner i oppreisningserstatning til fire etterlatne og 150.000 kroner i sakskostnader.

(©NPK)