Begge kyrkjeangriparane var kjend for politiet

(NPK-NTB): Den andre gjerningsmannen bak prestedrapet i Normandie var i registeret til politiet over moglege terroristar. I juni var han på veg til Syria, men han snudde og vende i staden tilbake til Frankrike.

Franske etterforskarar opplyste torsdag at den andre gjerningsmannen var 19 år gamle Abdel-Malik Nabil Petitjean frå Savoie-regionen aust i Frankrike. Han blei formelt identifisert ved hjelp av DNA-prøver frå mora.

Til likskap med den andre og jamaldra gjerningsmannen, Adel Kermiche, hamna han i politiet sitt søkjelys etter at han blei observert i Tyrkia idet han prøvde å reise til Syria. Ifølgje ein fransk sikkerheitskjelde oppheldt han seg på ein flyplass i Tyrkia den 10. juni tilsynelatande på veg til Syria.

– Men han drog ikkje til Syria. Han snudde og vende tilbake til Frankrike 11. juni, opplyser kjelda til nyheitsbyrået AP.

Mora, Yamina, har førebels avvist at sonen kan ha vore den som drap presten.

– Eg kjenner barnet mitt, han er snill. Eg skapte ikkje ein djevel. Han snakka aldri om IS, seier ho til TV-kanalen BFM.

Ein video som Petitjean og Kermiche spelte inn før angrepet, og som blei publisert av IS onsdag, viser korleis dei to unge mennene sver truskap til leiaren for gruppa. På videoen er det Kermiche som snakkar på gebrokkent arabisk, medan Petitjean sit stille ved sida av, ifølgje Le Monde.

Frankrike sitt samordningsorgan for antiterrorarbeid, UCLAT, sende 22. juli ut eit bilete av ein mann for å åtvare politiet om at den avbilda personen, som ikkje var namngitt, var klar til å delta i eit angrep på fransk jord. Bildet har i ettertid vist seg å vere av Petitjean.

Han hadde to gonger prøvd å reise til Syria, men blei stoppa i høvesvis Tyskland og Tyrkia og sendt heim etter at familien hans varsla politiet. Dei siste månadene var han utstyrt med ei elektronisk lenke slik at politiet skulle vite kvar han var mesteparten av døgnet. Lenka blei likevel deaktivert fem timar kvar dag slik at han skulle sleppe overvaking heile døgnet.

Ifølgje franske medium har etterforskarane funne fleire lydopptak og meldingar som Kermiche har sendt til meiningsfeller i forkant av angrepet. Der seier han blant anna: «Du drar til ei kyrkje, tar ein kniv og gjennomfører eit blodbad», ifølgje L'Express.

Ein 86 år gammal prest blei drepen i angrepet som skjedde under morgonmessa tysdag. Ein annan eldre kyrkjegangar fekk alvorlege skader etter å ha blitt stukken i halsen. (©NPK)