Annonse

Betydeleg fare for snøskred i nord og vest

(NPK-NTB): Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) åtvarar mot betydeleg snøskredfare i nord og vest i landet.

Snøbyer og kraftig vind gir snøskredfare 3 (betydeleg) i dei nordlegaste varslingsregionane. Med gjeldande vêrprognosar og snødekke, ventast det at det ikkje kjem opp i skredfare 4 (stor) i nokre delar av landet.

På snøskredvarslinga varsom.no er det faregrad 3 i Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen og Tromsø. Også i Aust-Finnmark meiner snøskredvarslinga at det er faregrad 3.

– Ved faregrad 3 er det ikkje uvanleg at det går nokre naturleg utløyste skred, og for skiløparar og scooterførarar er det mogleg å løyse ut skred. Det er altså god grunn til å halde seg unna bratt terreng så lenge uvêret går føre seg, seier vaktleiar i Snøskredvarslinga, Solveig Kosberg.

På Vestlandet ligg skredfaren også på faregrad 3 på grunn av mykje nedbør. I høgda kjem nedbøren som snø utover helga og det vil leggje seg opp ustabile nysnøflak i leområda.

Trollheimen, Romsdal, Sunnmøre og Indre Fjordane er stadene med betydeleg snøskredfare, saman med Indre Sogn, Voss og Hardanger.

– Det blir neppe veldig freistande turvêr særleg første del av helga, men skulle nokon bli freista til å gå tur i høgda, bør dei vere svært forsiktig med å bevege seg inn i skredterreng, seier Kosberg.

I resten av landet er det mindre snø og lågare faregrad. (©NPK)