Betydeleg skredfare i helga 

I store delar av landet er det meldt betydeleg skredfare fredag og laurdag. Eit kraftig snøfall på Vestlandet og uvêr og snø i Nord-Noreg gjer forholda usikre.

Skredfaren er aukande og betydeleg i store delar av landet, ifølgjevarsom.no.

Snøskredvarslinga i Noreg åtvarar turfolk som vil ta seg ut i innbydande snødekte fjellsider.

- Vi kan få store skred. Vårt råd er at dette er ein skjerpa situasjon - det ligg lokalt mykje nysnø i ustabile flak som kan bli løyst ut. Dette gjeld særleg på Nord-Vestlandet, der vi har mykje ferske snøfall, seier vaktleiar Ragnar Ekker ved Snøskredvarslinga til VG.

Åtvaringa gjeld spesielt for bratte lier som no ligg freistande med nysnø.

- Her kan det bli løyst ut store, farlege skred. Hugs at vi har ein periode med smelting og kulde bak oss, dette gjer noko med snøoverflata, slik at snølaga som kjem oppå dette, blir ustabile, seier han.

I Nord-Noreg fører den aukande vinden saman med påfyll av nysnø til at det vil bli danna ustabile fokksnøflak i leheng, som bak ryggar, i søkk og renneformasjoner. Desse flaka kan fort bli påverka av for eksempel ein skiløpar og dermed utløyse skred.

På Austlandet er det lite fare for snøskred ettersom det rett og slett ikkje er nok snø enno, men i områda Trollheimen og Romsdal, sørover til Sunnmøre, Indre Fjordane og Indre Sogn er det betydeleg snøskredfare på nivå tre - det nest høgste. Det same gjeld Jotunheimen og Hallingdal, i Voss og Hardanger og i Vest-Telemark

Også i heile Nord-Noreg frå Vest-Finnmark og sørover til Salten er det varsla betydeleg snøskredfare.

Torsdag vart ein skiløpar tatt av eit rundt 100 meter breitt snøskred i Sogndalsdalen, men kom seg ut på eiga hand. Skredet skal ha blitt løyst ut av skiløparar i ei lite brukt løype. Politiet gjekk etterpå ut med åtvaring om stor skredfare for Sogn og Fjordane.

I nabofylket Møre og Romsdal blir skiløparar bedne om å vere forsiktige og lytte etter drønn som kan tyde på skred, ifølgjeNRK.

(©NPK)