Annonse

BI debuterer på prestisjefylt rangering

Handelshøyskolen BI er, som einaste norske skule, inne på 48.-plass på ei rangering over skular med det beste masterprogrammet i finans i verda.

Som nykomar på lista blir BI rangert til å ha den tredje beste finansmasteren i Norden. Stockholm School of Economics (18.-plass) og Lund University School of Economics (39) ligg framfor.

- Dette er eit bevis på at BI er blant dei leiande i verda innan finans. Å hevde oss i denne rangeringa synleggjer den gjennomslagskrafta vårt fagmiljø i finans har og er viktig for framtidig internasjonal rekruttering av både dei beste forskarane og studentane, seier rektor Inge Jan Henjesand ved Handelshøyskolen BI i ei pressemelding.

Det er Financial Times som kvart år rangerer dei 65 beste handelshøgskulane i verda.

HEC Paris toppar lista framfor ESCP Europa. Fire av skulane innanfor topp ti er frå Frankrike.

(©NPK)

Handelshøyskolen BI er som einaste norske skule inne på 48.-plass på ei rangering over skular med det beste masterprogrammet i finans i verda. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix