Annonse

Bittert klimatap for svenskane

(NPK-NTB): Sverige vart slått ned i støvlane av Noregs raske ratifisering av Parisavtalen. Miljøminister Isabella Lövin erkjenner det sviande nederlaget.

– Det er berre å gratulere Noreg, seier Lövin til NTB.

– I visse samanhengar har de jo utfordringar med ikkje å vere med i EU. Vi har meir ambisiøse mål for utsleppskutt på nasjonalt nivå. Men det er berre å gratulere Noreg med at de kunne ratifisere så raskt. Det er godt jobba! seier ho.

Innanfor sektorane som ikkje er med i EUs kvotesystem, har Sverige sett seg som mål å kutte utsleppa med 59 prosent innan 2030, samanlikna med utsleppsnivået i 2005. Noregs mål er eit kutt på 40 prosent.

Noreg ratifiserte Parisavtalen i juni, medan Sverige er venta å komme i mål med sin ratifikasjon innan midten av oktober. (©NPK)