Annonse

Bjørn Maars Johnsen til skotske Hearts

(NPK-NTB): Den norske spissen Bjørn Maars Johnsen har signert ein treårsavtale med den skotske klubben Hearts.

Den amerikanskfødde spissen, som har både norsk og amerikansk pass, har fortid i både Kjelsås, Vålerenga og FK Tønsberg. Etter det har han vore innom portugisisk fotball før han har tent livets brød i bulgarske Litex.

Der gjorde han sakene sine godt og no skal den høgreiste spissen prøve seg i skotsk eliteserie og spele mot mellom andre Kristoffer Ajer og Stefan Johansen.

– Hearts kom med eit tilbod og eg følte meg verkeleg ønskt av dei så eg er veldig glad for å vere her, seier Johnsen til klubbens nettside før han skildrar sine styrkar som spelar.

– Eg er ein rask spelar og eg er god med både beina og hovudet. Eg vil hjelpe laget og produsere målgjevande pasningar, ikkje berre score mål. (©NPK)