Annonse

Black Friday med grønt motsvar

Black Friday går av stabelen 24. november, og Virke anslår at nordmenn vil sprengje tidlegare kjøperekordar. Men igjen blir dagen møtt med eit grønt motsvar.

Det amerikanske handelsfenomenet Black Friday har fått fotfeste i Noreg. I fjor auka omsetnaden med 10,6 prosent frå året før. Virke anslår at nordmenn i år vil handle for 3,4 milliardar, og dermed sprengje alle rekordar.

Kjøpesenterdag

I fjor gjorde nordmenn unna nesten halvparten av julehandelen i november.

- Black Friday er blant årsakene til at vi er tidlegare ute med julegåvekjøpa enn før. I fjor flytta nesten 1,5 milliardar kroner av julehandelen seg frå desember til november, og det er grunn til å tru at denne trenden vil fortsette i år, seier Bror William Stende, direktør for Virke faghandel.

Det er særleg omsetnaden i elektro- og sportsbutikkar som har flytta seg til november.

Kjøpesentera har trykt handledagen til sitt bryst, og er dei som marknadsfører dagen mest. I 2016 auka omsetnaden på fire av fem kjøpesenter på Black Friday frå året før. No har også nettbutikkane heve seg på i større grad.

Bytedagen Grønn Fredag

Det er ikkje alle som er like begeistra for at Noreg har adoptert det amerikanske fenomenet. Med slagordet grønt er det nye svart, arrangerer DNT ung for andre år på rad Grønn Fredag, som skal vere eit miljøvennleg alternativ til Black Friday.

Over 10.000 har sagt at dei ønsker å delta på bytedagen, som blir arrangert av DNT ung 15 stadar i landet, frå Hammerfest til Stavanger. Her kan folk kan byte friluftsklede og fritidsutstyr. I år har også fleire organisasjonar og bedrifter kasta seg på trenden.

- Eg håpar arrangement som Grønn Fredag kan gjere at fleire får auga opp for at jo meir ting blir brukt, jo mindre blir miljøbelastninga per gongs bruk - ikkje berre den eine dagen, men året rundt, seier leiaren for DNT ung, Johanne Grue Reiten.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix / NPK