Blågrøn jobbdugnad mot raude uføretal

Regjeringa har på fem år ikkje klart å redusera sjukefråværet eller unngå at langt fleire har blitt uføre. Tala er ikkje bra nok, vedgår Frp-leiar Siv Jensen.

- Det er for mange som er utanfor arbeidslivet, for mange som er uføre og for mange som er langvarig sjuke, seier Jensen til NTB.

- Som politikarar har vi hatt dette i festtalene våre veldig lenge. Men det har ikkje skjedd så veldig mykje. No må det skje noko, meiner Frp-leiaren.

Saman med statsminister Erna Solberg (H) og Venstre-leiar Trine Skei Grande opna ho onsdag ein storstilt konferanse om inkludering i arbeidslivet i Oslo.

Jensen vil likevel ikkje vera med på at regjeringa har mislukkast i kampen for å snu pilene som peikar feil veg.

- Mislukkast er eit for sterkt ord. Dette er ei skute det er krevjande å snu, seier ho, og peikar på éi av fleire årsaker til at fleire blir uføre.

- Det har vore ein stor vekst i ein del diagnosar og sjukdommar der ein kvalifiserer for å bli ufør. Det kan ikkje halda fram slik. Det går ikkje at det blir færre og færre yrkesaktive som skal betala velferda vår.

10 prosents oppgang

Sjølv om arbeidsløysa i Noreg har falle markant, er éin av fem mellom 20 og 66 år ikkje i arbeid. Det utfordrar berekrafta i den norske velferdsstaten og betyr at enkeltmenneske ikkje får høve til å delta, slår Solberg fast.

- Vi er uroa for dei som blir gåande lenge utan å ha noko å gjera. Dei har auka risiko for å måtta leva av trygd og stønader resten av livet, seier ho.

Då Solberg blei statsminister i 2013 fekk 301.000 nordmenn uføretrygd. Snautt fem år seinare, første kvartal i år, hadde talet auka til 329.400 personar. Det er ein oppgang på 10 prosent. Ifølgje prognosane til Nav vil talet stiga ytterlegare til 337.200 neste år.

- Det synest eg er leit. Eg er absolutt ikkje nøgd med det, seier Solberg, som minner om at det tek tid å få tiltak til å verka.

- Å bli ufør er slutten på ein lang prosess som startar med at du ikkje får god nok behandling for psykiske lidingar eller går lenge på arbeidsavklaringspengar (AAP). Men no er det færre på AAP, og talet unge som står utanfor arbeidsmarknaden, har gått ned med 5.000. Det vil du først kunna lesa av i uføretala for unge om femti år, seier Solberg.

Eit anna problem regjeringa balar med, er sjukefråværet, som ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) har lege stabilt rundt 6,5 prosent i ei årrekkje.

Tre tiltak

Venstre-leiar Trine Skei Grande strekar under at regjeringa no for det første vil styrkja motivasjonen til arbeidsgjevarane og evna til inkludering, slik at dei tilset fleire i fast, ordinært arbeid.

- For det andre vil vi utvikla tilbodet særleg for arbeidssøkjarar med rus og psykiske lidingar, slik at fleire kan vera med i arbeidslivet. Og for det tredje vil vi at moglegheitene for opplæring skal styrkjast. Fleire skal bli kvalifiserte inn i arbeid, strekar Grande under.

Både ho og Jensen peikar på at Noreg no må utnytta ein periode med god økonomisk vekst.

- Veksten bør vi bruka for å inkludera fleire inn i arbeidslivet. Sist vi hadde dugnad henta vi svenskar og nokon polakkar, seier Grande til NTB.

Samla er det færre av oss som er i arbeid no enn for ti år sidan. Sysselsettingsprosenten - altså kor mange som arbeider sett i forhold til befolkninga - har falle frå 72 prosent i 2008 til 67 prosent i 2016.

Men både Jensen og Grande seier at denne trenden ifølgje ferske tal no har snudd.

(©NPK)

Statsminister Erna Solberg (i midten, H), finansminister Siv Jensen (t.v., Frp) og kulturminister Trine Skei Grande (V) opna onsdag ein konferanse om å få fleire i arbeid. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK