Annonse

Boksar vedda på at han skulle tape, men vann kampen

(NPK-NTB-AFP): Tre boksarar har fått ein skarp reprimande frå IOC for å ha sett pengar på kampar under Rio-OL.

Det er i strid med utøvarreglementet. Iren Steven Donnelly vedda på at han sjølv skulle tape, men han gjekk sigrande ut av kampen. Dermed gjekk pengane også tapt.

Dei to andre boksarane som fekk IOC-refs er Michael Conlan og Antony Fowler (syskenbarnet til fotballspelaren Robbie). (©NPK)