Bondeorganisasjonane startar forhandlingar om krisepakke

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag møter forhandlingsleiaren i jordbruksforhandlingane måndag ettermiddag til det første møtet om ein krisepakke.

Det første av det som truleg blir fleire møte dei neste dagane, startar måndag klokka 15.30, skriv Nationen. Målet er å komme til semje med staten innan utgangen av august, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag til avisa.

- Målet er at det skal vere ein rask prosess. Dette handlar om likviditet og føreseielege forhold for bønder i krise. Det å få avklart situasjonen så fort som råd, er viktig for bønder som må ta raske avgjerder, seier Skorge.

Møtet er lagt til lokala til Landbruks- og matdepartementet, og frå staten stiller det Leif Forsell som forhandlingsleiar. Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) deltar ikkje på møtet, men er opptatt i regjeringskonferanse, får NTB opplyst.

Bondeorganisasjonane sende 9. august krav til regjeringa om at det blir sett i gang tilleggsforhandlingar om jordbruksavtalen for å få på plass ein krisepakke for dei bøndene som har vorte hardt ramma av tørken i sommar. Hovudavtalen - utgangspunktet for dei årlege jordbruksforhandlingane - opnar for ekstra forhandlingar dersom det oppstår noko uventa og alvorleg.

Leiaren i forhandlingsutvalet for jordbruket, som òg er leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, seier han håper møta dei neste dagane kan føre til ein krisepakke.

- Det er ein alvorleg situasjon for landbruket. Styresmaktene og næringa må samarbeide for å finne dei beste løysingane for landbruket, seier Bartnes.

Både Bondelaget og Småbrukarlaget har heile vegen vore klare på at det er nødvendig med friske pengar for å handtere den ekstreme situasjonen.

(©NPK)

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (t.h.) møtte i slutten av juli Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag (i midten) og Ann Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag i samband med tørken og avlingssvikten. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix